Utan mindre forbruk er det grøne skiftet ein illusjon

Vi brukar altfor mykje av jorda sine ressursar. Og vi veit vi gjer det. Kvifor er vi tilsynelatande makteslause når det gjeld å redusere konsumet?

Bildet kan inneholde: skrap, metall, avfall, plast, colorfulness.

Foto: Flickr

Det grenselause forbruket

Vi kjøper nesten to millionar nye mobiltelefonar, ein halv million nettbrett og smartklokker og nesten firehundretusen nye, stadig større, TV-ar kvart år. Vi køyrer mykje bil, flyg mest i Europa, et mykje kjøt, er verdsmeistrar i oppussing, kjøper store mengder kle og ting og skaper rekordmykje avfall. Kort sagt, nordmenn er storforbrukarar, og særleg dei rikaste blant oss.

Forbruket vårt blir subsidiert av elendige lønningar og ofte farlege arbeidsforhold i andre land. Og så har det eit enormt miljøavtrykk. Sjølv om vi veit dette er det ingen som tel forbruket med når vi snakkar om det såkalla ‘grøne skiftet’ her til lands.

Forbruket vårt blir i stor grad stroke av lista, slik at politikarar paradoksalt nok kan snakke om å ta miljøkrisa på alvor og kutte utslepp medan dei planlegg at forbruket skal fortsette å auke i det uendelege.

Dette trass i at hushald sitt forbruk kan koplast til store delar av klimagassutsleppa.

Vi måler nemleg utslepp basert på produksjon, ikkje forbruk. I alle norske klimarekneskap er det difor berre det som blir produsert i Norge (som mykje av kjøtet vi et) eller som fører til utslepp her (som eksos frå bilar) som blir talt med. Resten må andre land ta på si kappe.

Faktisk skjer så mykje som seksti prosent av utsleppa frå norsk forbruk andre stader i verda. Det seier seg sjølv at vi må tenke nytt her.

Sjølv om forbruket er ein av nøklane til eit meir berekraftig samfunn, kan ikkje den enkelte forbrukar vere utgangspunktet for endring. Lite tyder på at vi kan forvente at forbrukarar går mot straumen når heile samfunnet legg opp til at vi skal forbruke stadig meir.

Det sosiale forbruket

Frå både politisk hald og frå mange miljøorganisasjonar er det populært å ta utgangspunkt i at den einskilde forbrukar skal gjere endringar i sitt eige liv. Dette er igjen basert på tanken om ein forbrukar som vil endre åtferd berre ho eller han får nok informasjon om dei negative sidene ved forbruket.

Men ei slik forståing bygger på for tynn kunnskap om kva som styrer forbruket vårt. I forbruksforskinga er det brei semje om at forbruket er eit fundamentalt sosialt fenomen, prega av vanar og rutinar. Det blir både påverka og styrt av samfunnet rundt oss; oppvekst, klasse, tidligare erfaringar, kva me har blitt vant med og kven vi identifiserer oss med. For ikkje å snakke om eit konstant, aukande og stadig meir treffsikkert bombardement av reklamer, samt  politikk som legg opp til, og eit økonomisk system som er avhengig av, kontinuerleg økonomisk vekst.

Vi gjer sjølvsagt val, kvar og ein av oss. Og mange prøver så godt dei kan å vere både etiske og berekraftige forbrukarar. Dei gjer ein særs viktig innsats. Men alle som har prøvd, veit kor vanskelig det kan vere.

Vi lever i samfunn som legg opp til at vi skal ville ha meir. Og som heile tida dyttar oss i retning meir av det meste. Å velje miljøvennleg kan dessutan vere veldig dyrt.

Vi treng ny forbrukspolitikk som hjelper oss på vegen.

Vi går helst med straumen

Det ein politikk for meir berekraftig forbruk burde gjere er i hovudsak to ting. For det fyrste, ta nokre av vala for oss. Vi som forbrukarar burde til dømes ikkje måtte ta valet om dyra bak egga, mjølka eller kjøtet vi kjøper har vore mishandla eller ikkje. Eller om arbeidarane bak kleda våre har fått løn og gode arbeidsforhold. Her er det potensial for mykje strengare regulering.

For det andre kan ein gjere det mykje lettare å vere berekraftig forbrukar.

Det er verken realistisk eller rettferdig å forvente at forbrukarar skal gå mot straumen.

Vi veit frå forskinga at relativt få av oss vil orke eller vere villige til dette. Det krev mykje reint praktisk, ofte også økonomisk, og ein er ofte nøydd til å bryte med dei sosiale forventningar frå omgivnadane. Samstundes er det veldig mange, og stadig fleire, som har eit ønske om å leve sunnare og meir berekraftig. Her er det potensial for å få til veldig mykje gjennom tilrettelegging, infrastruktur, prising og støtteordningar. Gjer det lettare å sykle, billegare å ete sunt og berekraftig, lettare og billegare å reparere kle i staden for å kjøpe nytt. For å nemne noko.

Ein slik politikk ville vere ein god start. Men for å verkeleg ta tak i overforbruket blir vi også nøydde til å ta nokre nye rundar med den tvilsame ideen om å skape eit grønt skifte utan å kutte i forbruket. Dette ville fort også tvinge oss til å revurdere målet om evig økonomisk vekst.


Denne saken ble først publisert i Spire.


Bildet kan inneholde: transportere, transportmiddel, urbant område, byområde, trafikk.Forskning på berekraftig forbruk

Vi studerer dei sosiale og politiske utfordringane knytta til berekraftige forbruksmønster og energiløysingar.

Les meir.

 

 

Av Arve Hansen
Publisert 11. juni 2020 13:14 - Sist endret 12. juni 2020 10:13
Interaksjondesign illustrasjon

SUM-bloggen

En blogg for deg som er interessert i utviklings- og miljøspørsmål, global helse, bistand, forbruk og bærekraft. Her skriver forskere og studenter ved Senter for utvikling og miljø, UiO, om forskningsfunn og felt vi mener det bør forskes mer på.