English version of this page

SUM skal forske på regenerativt jordbruk som løysing på forureining av Oslofjorden

Prosjektet er leia av professor Karen V. Lykke ved SUM og er finansiert av Noregs forskingsråd.

Landbruksområde med elv

Mykje av Norges landbruksjord grensar til elver og bekkar. Mellom den dyrkbare marka og vassdraga finnes det som kallas kantsona. Denne sona er svært viktig for naturen rundt. Illustrasjonsfoto: Jamo Images / Unsplash
 

Kan regenerativt landbruk vere ein av løysingane for å hindre forureining og avrenning frå landbruket inn i vassdrag? Og kan det bidra til å redde Oslofjorden? Dette er nokre av spørsmåla det nye forskingsprosjektet RIPARAGRO skal finne svar på.

Prosjektet er et samarbeid mellom forskarar ved SUM, NMBU, Norges Vel, og Universitetet i Glasgow, samt bønder, økologar og elveforvaltarar som arbeider i Viken og Innlandet. Desse skal saman undersøke barrierar mot restaurering av dyrka mark og utforske løysingar gjennom regenerativt landbruk, med Viken og Innlandet i Noreg som eksempel.

Matjord blir vaska vekk og forureinar Oslofjorden

Berre 3 prosent av Noregs areal er dyrkbar mark. Mykje av denne landbruksjorda grensar til elver og bekkar. Mellom den dyrkbare marka og vassdraga finnes det som kallas kantsona. Den naturlege planteveksten og livet i denne sona er svært viktig for naturen rundt.

Kantsona fungerer som filter mot forureining av vassdrag frå næringsstoff og plantevernmidlar brukt i landbruket, og kan hindre erosjon og bidra til biologisk mangfald. Samtidig mister vi verdifull dyrkbar mark om kantsona blir for stor. Det er derfor ofte ei interessekonflikt mellom å behalde kantsona og å bruke den til landbruk og andre formål.

Karen V. Lykke
Prosjektleiar er professor Karen V. Lykke ved SUM.

Kantsoner er derfor under press, samtidig som landbruket har endra seg med nye driftsformer. Dette har gjort jordsmonnet meir mineralsk. Jorda held seg ikkje lenger på jordene – den støvar bort og renn av garde i elver og bekkar før den for eksempel ender opp i Oslofjorden. I tillegg kommer den ekstra påkjenninga på jorda frå klimaendringar som fører til erosjon og meir ekstrem nedbør og flo. Verdifull jord blir vaska bort.

– Sommaren i år har på alle måtar vist at vi har behov for å leggje om landbruket i ei retning som gjer at jorda både blir meir tørkesterk og robust i møte med ekstreme nedbørsmengder. Dersom vi klarer å kombinere det å beskytte kantsoner langs elver og bekkar med å byggje opp jordhelsa så det blir meir organisk materiale i jorda, vil dette kunne ha ein stor effekt på avrenningsproblematikken, seier leiar for forskingsprosjektet, Karen V. Lykke.

Samarbeid mellom forskarar, bønder, økologar og forvaltning

Ei løysing på problemet kan vere såkalla regenerativt landbruk – ein landbrukspraksis som har som mål å byggje opp og reparere naturlege kretsløp. Denne type landbruk byggjer opp moldinnhaldet i jorda, og det gjer at jorda held betre på både vatnet og næringsstoffa. Dessutan bindast meir karbon til jorda. Regenerativt landbruk er ei driftsform som bønder har utvikla gjennom erfaringskunnskap.

– Forskere som driver med naturrestaurering vet hva som trengs for å løyse problemene, økologisk sett. Men vi trur at det å involvere både bønder, miljøorganisasjonar og forvaltninga i humanistiske og samfunnsvitskaplege problemstillingar er løysinga. Dersom vi spør «Kva bør vi gjere, for naturen, for klimaet, for Oslofjorden og for komande generasjonar» og knyter svaret vi får til ny agronomisk kunnskap, kjem vi langt. Vi har von om å finne ein vinn-vinn-løysing gjennom regenerativt landbruk, som kan peike ut ein ny retning for både bøndenes praksis og – ikkje  minst – avhjelpe situasjonen for Oslofjorden, seier Karen.

Prosjektets mål er å saman-skape ny kunnskap og anbefalingar for forvalting saman med partnarar og interessentar, og løyse akutte samfunnsmessige behov gjennom grunnforsking innan økologi, agronomi og kulturstudie.

Støtta av ForskingsrådetRIPARAGRO-prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd gjennom optimaliseringsmidlar for humaniora-sterke søknadar.

 

Forsking på mat og matjord ved SUM

Hånd med matjord og spire
Illustrasjonsfoto: Colourbox

RIPARAGRO er ein av aktivitetane til forskingsgruppene Mat og berekraft og MatJord – SoilFood ved SUM. Gruppene studerer  matens politikk, praksis og kultur, samt de politiske, økologiske og kulturelle aspekta av mat, landskap og arealbruk.

 

Publisert 27. okt. 2023 13:27 - Sist endret 2. feb. 2024 11:25