Nedstenginga fekk mange til å revurdere eige forbruk

Pandemien har vist at djupt etablerte vanar kan brytast og at mange forbrukarar er opne for å gjere forandring. Men forbruket blir ikkje meir berekraftig om ikkje samfunnet legg til rette for det. 

En kvinne strekker seg etter en sko i en butikkhylle full av joggesko

Foto: RODNAE Productions/Pexels

Korleis har våre mat-, reise- og fritidsvanar endra seg under koronakrisa? For å få svar på det, har forskarar tilknytt forskingssenteret Include intervjua vanlege folk i ulike delar av Oslo. Samfunnsgeograf Arve Hansen leia arbeidet med studien. Vi treff han på Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

Bildet kan inneholde: briller, panne, nese, briller, hake.
Forskar Arve Hansen

Har nedsteninga påverka forbruket vårt?

Ja, det har ho definitivt, på mange ulike måtar. Vi ser for eksempel at nedstenginga gav ei moglegheit for mange til å reflektere over vanar og forbruksmønster som ein vanlegvis ikkje tenker så mykje over. For somme deltakarar utgjorde dette ei moglegheit til å prøve å gjere endringar i retning meir berekraftig forbruk.

Har du eksempel på dette?

Ja, for eksempel var det fleire som eksperimenterte med vegetarmat. Dette var ting dei følte dei vanlegvis ikkje hadde tid til å halde på med. Og mange sykla meir enn dei elles ville gjort. Vi såg generelt mykje interessant på mobilitet, der nedstenginga hadde både positive og negative konsekvensar. Mange opplevde ein mindre stressande kvardag og sa dei gjerne ville fortsette å reise mindre etter pandemien, men då fyrst og fremst jobbrelaterte reiser. Medan andre sjølvsagt opplevde stillstanden som særs tung.

Var det store forskjellar mellom deltakarane?

Ja, definitivt. Det er ingen tvil om at det er store forskjellar på korleis deltakarane blei påverka ut i frå livssituasjon, busituasjon og arbeidssituasjon. Det er interessant at vi i dei internasjonale samanlikningane vi har gjort, såg at dette ofte var viktigare enn kulturelle eller landmessige forskjellar. 

Fakta om studien
Arve Hansen, med Ulrikke Wethal og Johannes Volden ved Senter for utvikling og miljø på Universitetet i Oslo har leia den norske delen av studien. Studien er ein del av forskingssenteret Include sitt arbeid, og utgjer ein del av det internasjonale forskingsprosjektet «Covid-19 and Consumption: Disruptions in everyday life, Changing social practices and transitioning to sustainable lifestyles», leia av Environmental Policy Group ved Universitetet i Wageningen, der 27 forskarar studerte dei same spørsmåla i 11 ulike land. Den norske delen bestod av 28 djupintervju med hushald i ulike delar av Oslo.

Mange seier dei gjerne vil fortsette med heimekontor også etter pandemien. Kva gjer dette med forbruket vårt?

Heimekontoret er interessant på så mange plan. Det innebar ei omvelting av praksisar i heimen, der skiljelinja mellom jobb og fritid blei viska ut og hushald måtte arbeide for å gjenetablere disse. Særleg i hushald med mange personar eller liten plass blei dette ei stor utfordring, og heimekontoret kunne i mange tilfelle bli etablert på kostnad av andre heimebaserte aktivitetar.

Når det gjeld forbruk, blei det direkte påverka av at etableringa av heimekontoret gjerne innebar ressursbruk knytta til nye møbler og elektronikk. Mange har no dobbelt opp, med fullt utstyrt kontor på jobben og heime. Ellers er effekten på forbruket knytta til det å vere mykje heime, noko som førte til mykje meir netthandel og, blant nordmenn, mykje meir oppussing.

Det siste er vel ikkje heilt nytt?

Nei, men nedstenginga forsterka nordmenn sine oppussingsvanar. Og generelt ser vi at nedstenginga ikkje berre førte til brot, den førte til forsterking og intensivering av visse prosessar og forbruksmønster. Oppussing og netthandel er gode eksempel. Men medan oppussinga var eit temmelig særnorsk fenomen i vår studie, såg vi intensivering av netthandel i alle land vi studerte. Mange av deltakarane våre opplevde til dømes ei klar endring i form av at barrierar mot nettshopping blei brotne. Dette trur vi vil ha varige følger.

Kva andre følger kan vi vente oss?

Ein del er det sjølvsagt vanskelig å spå. Derfor ønsker vi også å følgje opp dette med å snakke med deltakarane våre om kva som har endra seg tilbake etter normalisering og kva som har vart. Det vi trur, er at mykje går tilbake til der det var før pandemien, men at det for somme kan ha ført til store endringar og for visse somme endringar. Jobbreiser og pendling, samt netthandel, er nok der vi forventar å sjå dei største endringane.

Kva betyr funna dykkar i eit berekraftsperspektiv?

Vi må snart ta forbruket meir alvorleg som ein nødvendig del av det såkalla grøne skiftet. Dessverre er det ingenting som tyder på at pandemien nødvendigvis fører til berekraftig omstilling. Men vår studie viser at den utgjer eit visst moglegheitsrom i form av at forbrukarar i større grad enn vanleg har reflektert over kva som er viktig for dei og kva som kan endrast. Den viser at også djupt etablerte vanar kan brytast, og at det er mogleg å få til store endringar ved regulering av forbruket. Dette kunne nok ha blitt utnytta mykje betre frå myndigheitene si side, dersom det verkeleg var interesse for å skape eit meir berekraftig forbruk.

Elles trur eg det viktigaste er at det viser at berekraftig forbruk ikkje bør forståast som eit individuelt problem, men som ei samfunnsutfordring. Ein rekke studiar har vist at individet er eit dårleg utgangspunkt for å forstå og endre forbruksmønster. Denne studien støtter dette og viser i kor stor grad forbruk inngår i sosiale praksisar og er vevd saman med sosiale relasjonar og kvardagsliv. Den viser også at mange forbrukarar er opne for å gjere forandring. Men skal ein få til omstilling av djupt innarbeidde forbruksmønster, må dette bli gjort heilskapleg ved å legge til rette for berekraftig forbruk heller enn ved å appellere til at enkeltindivid skal gå mot straumen i å leve meir berekraftige liv. Meir tid i kvardagen, meir fleksibilitet, og meir regulering av forbruk kan bidra til berekraftig omstilling.

Studien har også tydeleg bekrefta at store endringar slår ulikt ut i befolkninga, noko som betyr at eit ulikheitsperspektiv bør takast med i omstillingstiltak for å unngå å forsterke allereie eksisterande skeivheiter i samfunnet – eller skape nye.


 

Publisert 3. nov. 2021 21:49 - Sist endret 3. nov. 2021 21:49