Seier nei til skiten mat

Medan vietnamesisk mat blir stadig meir populær verda rundt, har Vietnam hamna i ei matkrise.

Matmarknad i Hội An i Vietnam. Foto: SsedroCC lisens 2.0

Stadig fleire oppdagar gleda ved phở, bánh mì og andre vietnamesiske delikatesser. På tide, vil nok mange seie. Ved sidan av rike smakar og ofte overkomelege prisar, kjem populariteten til vietnamesisk mat frå eit velfortent rykte om å vere både frisk og sunn.

Interessant nok samanfell spreiinga av vietnamesisk matkultur med ein ny form for matkrise på heimebane, der vietnamesisk mat no i aukande grad blir sett på som helseskadeleg å ete.

Matskandalar og matfrykt

I Vietnam har kinesiske landbruksvarer lenge blitt sett på som utrygge, blant anna på grunn av stor bruk av sprøytemiddel. At matvarer er vietnamesiske har derimot blitt sett som eit teikn på kvalitet og tryggleik. Slik er det ikkje lengre! Kinesiske matvarer har framleis eit veldig dårleg rykte i Vietnam. Men no har vietnamesiske landbruksvarer fått ein liknande status. Samtidig har matkvalitet blitt det store temaet, både i gatene, på kafear og i sosiale media.

Ei lang rekke matskandalar har fått mykje merksemd. Det same har tvilsam praksis i vietnamesisk matproduksjon generelt. Til dømes har dårleg og gammalt kjøt har blitt seld som nytt og det har blitt funne store mengder antibiotika i kjøtvarer. Men det aller vanlegaste er at det blir funne restar av potensielt helseskadelege sprøytemiddel i grønsaker. Dette skaper både frykt og sinne. Og enda verre har det blitt av dei alvorlege sideeffektane av mange år med rask økonomisk utvikling.

Sidan 2016 har den vietnamesiske statskanalen VTV sendt programmet «sei nei til skiten mat», der alle slags jordbruks- og matpraksisar blir plassert under lupen.

Det mest dramatiske eksempelet var Formosa-hendinga i 2016, der giftig utslepp frå eit taiwanskeigd smelteverk drap opp til 100 tonn fisk i sentral-Vietnam. Eller, same året på ein noko mindre skala, då så godt som all fisk brått døydde av oksygenmangel i Hanoi sin berømte «West Lake». Igjen var det ureining som stod bak.

Både vietnamesiskspråklege og engelskspråklege media i landet er fulle av historier om farleg mat. Sidan 2016 har den vietnamesiske statskanalen VTV sendt programmet «sei nei til skiten mat», der alle slags jordbruks- og matpraksisar blir plassert under lupen. Tui Tre News, ei stor og viktig avis, publiserte nyleg ein oversikt over matkrisa under tittelen «Vietnamesarar tek livet av seg sjølve med skiten mat».

I gatene og på nettfora blir utrygg mat satt i forbindelse med all slags helseproblem. Til dømes blir den aukande utbreiinga av kreft i landet ofte sett på som bevis på kor livsfarleg «skiten» mat er. Akkurat dette er nok ikkje heilt presist. Forskarar har funne at det heller er den utbreidde røykinga kombinert med det at folk lev mykje lengre som står bak mykje av auken i tilfelle av kreft. Men det at så mange set mat og kreft saman på denne måten er eit tydeleg teikn på mangelen på både tillit og truverdig informasjon.

Å leve med matkrisa

Høsting av grønnsaker om våren i Vietnam
Frykt for skiten mat har gjort heimedyrking og små, urbane hagar populært i Vietnam. Foto: Pixabay, CC0 lisens 1.0.

Folk gjer så godt dei kan for å tilpasse seg situasjonen, og tilsynelatande har alle si eiga tilnærming. Dei rikaste unngår ofte tradisjonelle marknader og handlar i staden på dyre, økologiske spesialbutikkar eller på store, utanlandske supermarknadar.

I tillegg har uformelle mathandelsnettverk kome tilbake. Nokre byfolk handlar direkte med bønder dei stolar på, medan andre bruker mellommenn og -kvinner som fraktar varer frå land til by. I store bustadblokker går gjerne naboane saman og formar ein slags matkooperativ. Heimedyrking og små, urbane hagar har også blitt populært blant dei som har sjansen til det.

Ernæringsmistru og moderniseringsvisjonar

Mistru til myndigheitene er utbreitt i Vietnam. Dette har også ført til ei stor mengde konspirasjonsteoriar om dei styrande sine dekkoperasjonar. Det hjelp ikkje på situasjonen at korrupsjon er så utbreitt. Og det hjelpte så absolutt ikkje at myndigheitene fyrst prøvde å dekke over Formosa-skandalen i 2016.

Uansett er det tydeleg at myndigheitene tek matsikkerheit og mattryggleik alvorleg. Men responsen har så langt vore velkjend for dei som følgjer Vietnam: å fortsette moderniseringa av Vietnam i retning eit «sivilisert samfunn».

Globalt er historia til storskala landbruk og agribusiness heller problematisk, særleg når det kjem til konsekvensar for miljøet og for dyrevelferd.

Når det kjem til mat ser dette ut til å innebere fleire supermarknader og færre tradisjonelle marknader og gateseljarar. Ikkje minst inneber det ein ønska overgang frå dominansen av hushald som driv småskala landbruk til storkapital og industrialisert landbruk. Planen er at dette skal gjere matproduksjonen både reinare og lettare å kontrollere, både for heimemarknaden og eksport. I tillegg skal det klare å møte utfordringa det inneber at vietnamesarar er i ferd med å endre kosthaldet sitt i retning mykje meir kjøt og meieriprodukt.

Når det kjem til kvantitet har myndigheitene rett.  Men globalt er historia til storskala landbruk og agribusiness heller problematisk, særleg når det kjem til konsekvensar for miljøet og for dyrevelferd. Å auke storleiken på landbruket inneber også landproblematikk, noko som er ekstremt komplekst og sensitivt i Vietnam. Det er stadige protestar i landet knytt til landspørsmål, og halve den vietnamesiske befolkninga har landbruk som ein viktig del av levebrødet sitt.

Både produksjon og forbruk av mat kjem til å gå gjennom store endringar i Vietnam i nær framtid. Spørsmålet er framleis korleis og i kor stor grad det vil forandre seg. Ein ting er i alle fall sikkert: etter tiår med dramatisk auke i matproduksjonen står Vietnam no framfor ein av sine største utviklingsutfordringar på lang tid. Korleis kommunistpartiet løyser den kan ha store konsekvensar for eit regime som i stor grad får legitimiteten sin frå å levere framgang til folket.

 

Denne teksten var først publisert i Nationen.

Av Arve Hansen
Publisert 20. feb. 2018 14:38 - Sist endret 10. juli 2018 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

illustrasjon

Matlære

En blogg om mat, miljø, etikk og politikk. Her legger vi ut våre egne og andres tanker og tekster om hvordan mat lages, distribueres, selges og konsumeres.

Også prøver vi å forstå hvorfor det er så vanskelig å spise riktig i dagens samfunn.