Eit hundeliv

Sidan mat og matvanar for meg er noko av det mest sentrale når ein prøver å forstå ein kultur (og vietnamesisk kultur generelt er ikkje den enklaste å få taket på) smakar eg om dagen veldig mykje eg kanskje vanlegvis ikkje hadde kome på å ete. Dette har ført til at eg, som vanlegvis reknar meg som ein slags kvasi-vegetarianar, et ting som slangevårrullar, grisehjerte, grisetunge, størkna blod, villsvin, manet, andehovud, kyllingføter, «falskt hundekjøt» (gås!) og kuskinn. Seinast i dag bestilte kollegaane mine på universitetet her froskegryte på deling til lunsj. Dette er ingen problem, sjølv om eg nok ikkje kjem til å lage manetsalat heime på kjøkkenet med det fyrste.
Vietnam har kanskje den rikaste matkulturen eg kjenner til. Etter mange år med hyppige besøk og ofte lengre periodar her, oppdagar eg stadig nye rettar og smakar. Mange vil hevde at matkulturen her har sterk påverknad frå kombinasjonen rikt plante- og dyreliv og periodar med akutt hungersnød. Seinast i 1945, fyrst og fremst grunna japansk og fransk imperialisme, opplevde Vietnam ei svoltkatastrofe som kosta opp til 2 millionar menneske livet. Og også under seinare krigar, slik som frigjeringskrigen frå franskmennene og «Amerikakrigen», kunne tilgangen til mat vere knapp for store delar av folket. Poenget her er at denne kombinasjonen er ein av grunnane til at tilsynelatande alt kan reknast som mat i Vietnam, berre ein leiter godt nok.
Som forkjempar for at vi skal vite kva vi et og ha eit meir naturleg forhold til mat, er det mykje her som tiltalar meg. Som Karen skreiv i eit tidlegare innlegg om delar av kjøtmarknaden i Portugal, er det her sjeldan tvil om kva ein et, i alle fall om ein held seg til tradisjonell mat. I tillegg er eg tilhengar av å bruke alt på dyret om ein fyrst skal ta livet av det, og det er ein verkeleg god på her. Og sjølv om mykje mat her er kjøtbasert, er kjøtet alltid ein av svært mange ingrediensar og kjøtmengdene ofte relativt små. Kjøtet er ikkje nødvendigvis det ein et seg mett på, til det har ein ris.
Så eg smakar mykje rart om dagen. Men ein stad stoppar det for meg i mi stadige utforsking av alt som er vietnamesisk. Eg får meg ikkje til å ete hund, og eg har ikkje lyst til å få meg til å gjere det heller. Og dette synast eg er veldig interessant, sidan eg et så mange andre dyr som eg også synast er fine og verdige skapningar (skal innrømme eg er litt usikker på slangen og maneten). Eg veit jo godt at kva vi reknar som spiseleg er kulturelt betinga, og eg synast i prinsippet ikkje det å ete hund er verre enn å ete andre dyr. Men likevel sit merkelappen «venn, ikkje mat» tydeligvis så djupt i min habitus at eg skvett til og kikkar meg litt nervøst rundt kvar gong eg ser ein halv hund, gjerne steikt, henge til utstilling. Samtidig som eg kan vere fleksibel med andre dyr, og sjølv om eg aldri har vore spesielt glad i hundar, er min moralske inklusjon av hunden tydeligvis ikkje oppe til diskusjon. Eg undrast kva som skal til for at vi skal føle noko tilnærma for andre dyr. Kanskje er det noko vi kan lære her?
Det er også store variasjonar her i Vietnam. Det er fyrst og fremst nord som er hundekjøtland, sjølv om mathundar ofte blir importert frå sør (ein har visstnok gode hundar på den vakre øygruppa Phu Quoc heilt sør i landet) og frå Laos.  Men mange unge menneske eg møter i Hanoi er skeptiske, og unngår hundekjøt, ein trend som blant anna ser ut til å ha samanheng med auka kulturell globalisering, og som også kan sjåast i andre hundeetande land i Aust-Asia. Interessant er også at å ha hund som kjeledyr (utover vaktbikkje) har blitt populært blant delar av Hanoi si befolkning, så hundeelskarar tek no to vidt forskjellige former her. Eg ventar spent på å sjå om eg møter nokon som elskar hund på begge måtar, medan usikre kjelder hevder at prisen for hundekjøt er såpass god at hundeeigarar held ekstra godt auge med sine firebeina vener når dei er utandørs.
Det er også mykje religion og tru i hundekjøtkonsumet i Vietnam. Det kan både bringe lukke og vere bra for potensen (ja, det er oftast menn som et hund, og eg sluttar aldri å la meg overraske over kva menn verda rundt gjer for manndomen si skuld), men då må det konsumerast i andre halvdel av månaden i den lunisolare kalenderen. Andre eg kjenner meiner at om ein er truande buddhist, som fleirtalet på ein eller anna måte er her, vil det alltid bringe ulukke å ete hund. Det er nok ein del hundar som håper den sistnemnde tolkinga vinn meir terreng i framtida, eller kanskje at unge ikkje-hundeetarar kan bevise at dei er like potente som hundeetarane.
Uansett så held eg fram med å utforske det meste eg kjem over i mitt forsøk på å forstå vietnamesisk forbrukskultur betre. Restaurantar som reklamerer med «Thit chó» får eg halde meg unna. Og så håper eg at eg ikkje får sjå Thit mèo (thit = kjøt, tipp kva mèo betyr!), sjølv om eg veit godt det finnast. Eg lovar i tilfelle å reflektere litt ekstra over mennesket sitt forhold til dyr, medan eg sender nokre vennlege og vegetariske tankar til Tjukkepus og Miss heime på garden på Sunnmøre.
Emneord: kjøtforbruk, forbrukskultur, Vietnam, hundekjøt Av Arve Hansen
Publisert 11. apr. 2013 13:23 - Sist endret 16. juli 2015 13:56

Hund og katt

En ting er å spise sine venner...
Men jeg hadde vært betenkt på to andre ting:

1) Trikinose - når du vet hva hunder og katter har i seg om de får sjansen. Men maten er kanskje så varmebehandlet at man er trygg mot det - og andre smittestoff.

2) Det er jo ikke så energieffektivt å spise rovdyr, da. I alle fall katt blir det lite kjøtt på om det blir for mye vegetabilsk i foret.

@carlsbj

Skrevet av: Anonym

anonym@webid.uio.no - 31. mai 2013 09:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

illustrasjon

Matlære

En blogg om mat, miljø, etikk og politikk. Her legger vi ut våre egne og andres tanker og tekster om hvordan mat lages, distribueres, selges og konsumeres.

Også prøver vi å forstå hvorfor det er så vanskelig å spise riktig i dagens samfunn.