SUM-student får pris for beste masteroppgåve om berekraft

Vi gratulerar Lise Bjerke som ein av tre vinnarar av beste berekraftsmasteroppgåve ved UiO i 2018.

Lise Bjerke

Lise Bjerke har skrive masteroppgåve om tilgang til matsikkerheitsprogrammar i India.

Matsikkerheit og migrasjon i India

Lise Bjerke har skrive ei svært solid masteroppgåve om matsikkerheit og migrasjon i India: "Targeting food insecurity of 'Indians on the move': Access to food security entitlements among internal migrants in Bangalore".

I oppgåva stiller Bjerke spørsmål til kvifor den indiske staten ikkje lukkast med tiltaka som skal sikra alle indarar tilstrekkeleg mat, til tross for at matsikkerheit står høgt på den politiske dagsordenen i landet.

Bjerke undersøkar samanhengen mellom innanlands migrasjon i India og tilgangen til mat. Ho finn blant anna at migrantar som bur i Bangalores slumområdar ekskluderast frå noen av dei statlege støtteordningane som skal syrgje for at de har tilgang på tilstrekkeleg mat, og at årsaka ligg i det byråkratiske systemet kring ordningane.

Senterleiar og veileiar, Sidsel Roalkvam

Sidsel Roalkvam, senterleiar på SUM, har vore Bjerkes veileiar. Ho understrekar at oppgåva reiser viktige spørsmål knytt til statsborgarskap og rettar, som er heilt avgjerande nå som talet på migrantar i verden aukar drastisk.

Denne oppgåva visar til sentrale manglar i eksisterande forsking, nemlig utfordringane knytt til folk som lever i ein mellombels situasjon og konstant er på flyttefot, understrekar Roalkvam.

Berekraftsmåla i India

Svolt og underernæring skaper hinder for mange lands berekraftige utvikling, og utfordrar berekraftsmål 2 om å utrydde svolt. India er eit demokratisk land, som har hatt høg vekst i både økonomi og matproduksjon dei siste tiåra. I 2013 vedtok styremakta i India ein egen lov som skal sikra innbyggarane tilgang på tilstrekkeleg mat til overkommelege prisar. Til tross for lovregulering og politisk engasjement, bor over ein femtedel av verdens underernærte menneske i India.

Juryen legger vekt på at oppgåva synleggjer og bidreg til kunnskap om berekraftsmåla, og korleis dei kan nås.

Bjerkes oppgåve er godt fundamentert både teoretisk, empirisk og metodisk og det analytiske nivået er meget godt formulert. Oppgåva rører særleg ved berekraftsmål 2 om å utrydde svolt og berekraftmålas overordna prinsipp om «Leaving no one behind», skriv juryen i deira grunngjeva.

Bjerkes masteroppgåve blei skriven som ein del av forskingsprosjektet "Food Security in India: The Interactions of Climate Change, Economics, Politics and Trade (FOODSEC)" ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet. 

Om prisen

Prisjuryen for UiOs pris for beste berekraftsmasteroppgåvar for 2018 har bestått av prorektor Gro Bjørnerud Mo, viserektor Åse Gornitzka og professor Dan Banik. Av 12 innsende oppgåver, kom juryen frem til 3 vinnarar som kvar får tildelt 10 000 kroner. I tillegg blir dei invitert til eit formidlingsarrangement og til å delta på årsfestmiddagen til UiO. 

Tildeling og møte med vinnarane skjer 3. september. Meir informasjon finn du her: Pris til beste mastergrad om bærekraft.

Av Charlotte Kildal
Publisert 27. aug. 2018 11:08 - Sist endret 29. aug. 2018 10:06