Kvifor folk et meir kjøt enn nokon gong i Vietnam

Kjøtforbruket når nye høgder i landet kjend for ein matkultur full av urter og grønsaker.

Kjøtmarknad i Hung Yen-provinsen, Vietnam. Foto: ILRI / Nguyen Ngoc Huyen

Vietnamesiske matvaner er i rask endring. Folk et meir no enn nokon gong, og dei et mykje meir av kjøt og andre animaliske produkt.

Arve Hansen Postdoktor

Postdoktor Arve Hansen har erfart endringane i det vietnamesiske kostholdet, på sine mange forskingsbesøk i landet.

For ikkje lenge sidan besto ein vanleg vietnamesisk diett av hovudsakleg ris og grønsakar. Kjøt vart eten bare ved spesielle anledningar. No for tida er det svært vanleg å inkludere kjøt i kvart einaste måltid, seier Hansen.

I følgje han har endringane i Vietnam vært slåande, sjølv når vi tar med i berekninga at aukande kjøtforbruk er forventa ved sida av økonomisk vekst, aukande velstand og urbanisering.

Frå gard til gatemat

Den gjennomsnittlege vietnamesar et nå fire gonger meir enn ho gjorde for 30 år sidan. Så kva er det eigentlig som skjer? Hansen meiner vi er nøydt til å sjå på heile kjeda frå produksjon til konsum:

For å starte på garden: Vietnams dramatiske auking i landproduksjonen sidan doi moi-reformene i 1986 er godt kjente. Produksjonen i husdyrssektoren har vekse raskare enn produksjonen av planter, og representerer no en tredjedel av all landbruksproduksjon i landet. I tillegg har import av kjøt auka kraftig, seier Hansen.

For å fortsette vidare langs verdikjeda: Slaktehus er nå større og meir effektive enn før. Tilgangen til kjøt har auka med fleire nye supermarknader, minimarknader, i tillegg til gatekjøken, hurtigmatskjeder og restaurantar.

Studiar viser at folk i alle land og kulturar pleier å ete meir kjøt når dei eter ute enn når dei eter heime. Over de siste tiåra har vietnamesarar gått ut for å ete i mykje større grad enn før. Det har også vært ei gradvis auking i kjøtmengda i gatemat – til dømes i den kjende vietnamesiske retten pho, seier Hansen.

Kjøt som framsteg

Akkurat som blant deler av den unge, urbane middelklassen i andre land, er det mange unge vietnamesarar som kutter ned på kjøtforbruket, vanlegvis på grunn av helse. Denne vegetarianismen blir ofte sett på med undring og forakt frå foreldre og besteforeldre som hugsar ei tid da kjøt var luksus.

I et land kor sjølv den rikaste delen av befolkninga hugsar ekstrem matmangel, er kjøt for mange ein definerande del av framsteg. Sjølv om velståande vietnamesarar kuttar ned på kjøtet, er det mange som nettopp har fått mogligheit og råd til å kjøpe det. Ved sidan av aukande vegetarianisme er det derfor høgt sannsynleg at vi vil sjå ein vidare auking i Vietnams kjøtforbruk, konkluderer Hansen.

Les meir

Les meir i Arve Hansen’s artikkel om kjøtforbruk i Vietnam, som ble valt til Geoforum's Editor’s Choice-artikkel i juni (på engelsk).

Du kan også finne meir i artikkelen Vietnam’s Meat Boom i The Diplomat (på engelsk).

Av Charlotte Kildal og Lise Bjerke
Publisert 28. juni 2018 09:00 - Sist endret 28. juni 2018 09:13