English version of this page

Asianettverket får ny finansiering

Støtta kjem fra Noregs Forskingsråd.

Asia

Nettverket skal arbeide vidare for synergier for norsk forsking om Asia. Photo: Pexels

Sidan lanseringa i 1996, har Asianettverket hatt som hovudføremål å styrkja kunnskapen og kompetansen om Asia i Noreg.

Etter år med lite finansiering, er dei no i stand til å styrkja arbeidet sitt betydeleg.

Vi synast at vi har hatt stor suksess med nettverket så langt, spesielt med omsyn til den avgrensa finansieringa vi har hatt, seier Arve Hansen og Kenneth Bo Nielsen, koordinatorane av nettverket.

Arve Hansen og Kenneth Bo Nielsen seier at nettverket no vil fokusere på å styrkja kvaliteten på og den politiske relevansen av norsk forsking på asiatiske utviklingsutfordringar.

Nye synergiar for norsk forsking om Asia

Gjennom ei rekkje aktivitetar, og ved å bruka eit ekspansivt nordisk nettverk, vil Asianettverket arbeide aktivt for å skapa nye synergiar for norsk forsking om Asia. Til dømes vil dei:

  • Arrangere ein årleg konferanse
  • Arrangere ein regelmessig seminarserie’
  • Opprette ein digital kunnskapsbank for forsking om Asia

Som ein del av dette vil nettverket bidra med forskingsbasert kunnskap om Asia i deira pågåande samtale med utviklingsaktørar, politikarar og eit breiare publikum.

Noverande koordinatorar Arve Hansen og Kenneth Bo Nielsen blir framleis en del av kjernegruppa til nettverket, men nye medlemmar vil også rekrutterast.


Asianettverket er eit av tre nettverk som har fått støtte frå NORGLOBAL 2-programmet i Noregs forskingsråd.


Om nettverket

Nettverket vart lansert i 1996 for å utvikle og fremje studiet av Asia innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Frå byrjinga har Senter for Utvikling og Miljø (SUM) vore vert for nettverket. Nettverket er forankra i fleire leiande norske forskingsinstitusjonar gjennom styringsutvalet som for tida består av 15 asiatiske forskarar

Kjersti Litleskar har vært administrativ koordinator det siste året.

basert i Noreg. Medlemmane representerer ikkje sine heimeinstitusjonar i nettverket, men fungerer som ein avgjerande kopling mellom nettverksadministrasjonen og dei ulike akademiske miljøa over heile landet.

Styringsutvalet har representantar fra:

  • Universitetet i Agder (UiA)
  • Universitetet i Oslo (UiO)
  • Universitetet i Bergen (UiB)
  • Oslo Metropolitan University (OsloMet)
  • Universitetet i Tromsø (UiT)
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)
  • Institutt for Forsvarsstudier (IFS)
  • By- og regionforskningsinstituttet NIBR (OsloMet)
  • Norges tekninsk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)

Mer informasjon

Les meir om Asianettverket og sjå deira kommande arrangement.

Av Charlotte Kildal
Publisert 10. okt. 2018 11:40 - Sist endret 10. okt. 2018 12:11