McPhở

I Vietnam et ein hurtigmat sakte og saktemat raskt.

I Vietnam et ein hurtigmat sakte og saktemat raskt. Dette er eit overraskande godt utgangspunkt for å diskutere mat, utvikling, modernitet og tradisjon. Og sjølvsagt multinasjonal kapitalisme. Som eg gjentek i tide og utide så er Vietnam i rask endring. Ein definerande del av endringane er overgangen til ein marknadsøkonomi og integreringa i den globale kapitalismen. Og kva er vel meir symptomatisk på dette enn at McDonald’s har gjort sin entré?

McDonald’s har blitt eit symbol på godt og veldig vondt. Dei gule bogane får folk globalt til å tenke på alt frå kapitalisme og amerikanisering til rask mat, modernitet og relativt reine do. Det tok si tid før burgergiganten heiv seg på Vietnam-køyret, sjølv om til dømes KFC allereie har vore der lenge. Men no er dei på plass, og ser ut til å vere ein stor suksess. Og treffande nok for vietnamesisk kapitalisme er McDonald’s Vietnam eigd av svigersonen til statsministeren.

Antropologar har alltid vore skeptiske til alt maset om amerikanisering og kulturell homogenisering, og fleire har peika på at for eksempel McDonald’s tek nye tydingar og roller i møtet med andre kulturar. Slik som at køa på McDonald’s i Saudi Arabia er kjønnssegregert, at ein ikkje får biff på McDonald’s i India, og at McDonald’s som symbol på det moderne i mange land gir status og gjer det til ein lagleg hangout for urban og kul ungdom. Det siste ser ein også tydeleg i Vietnam. Ein er ikkje på vestlege hurtigmatstader for å ete og gå igjen, ein blir der gjerne veldig lenge. Ein heng ut med vennar. Ein ser og blir sett. Ein tyt og drikk brus. Ein et hurtigmaten sakte.

Som alt anna forbruk er matvanane våre ein måte både å definere og å kommunisere kven vi er eller eventuelt ønskjer å vere. Her har definitivt McDonald’s ulik symbolverdi i ulike kulturar. Samtidig er McDonald’s nettopp McDonald’s same kvar ein dreg. Dette er ein del av pakka, og noko av det som har gjort kjeda til eit symbol på noko større. Det handlar blant anna om utvidinga av standardisert kapitalisme til også å gjelde maten vi et. Og same kva kultur denne hurtigmaten møter er maten av heller dårleg kvalitet, lønna ganske dårleg og arbeidsoppgåvene temmelig einsarta.

Nok om det. For noko av det mest interessante her er at den utanlandske hurtigmaten får sterk konkurranse i Vietnam. Det som i dagleglivet er rekna som hurtigmat i Vietnam, er «slowfood» av ypparste sort. Den mest kjende er phở (uttalast omtrent «fø» men med ein tonal knekk på slutten), sjølve nasjonalretten og  favorittfrukosten til millionar av vietnamesarar og minst éin nordmann. Dette er tjukke risnudlar i ei himmelsk kraft med mykje grønt og litt biff (av og til kylling i nord). Denne kan ein få omtrent kvar ein vil i Vietnam, men kjenner du nokon frå byen du er i skal eg love deg at vedkomande har sine favorittstader. Aller best er phở på gata, servert frå små kjøkken med ei stor gryte og små plaststolar og plastbord rundt. Og helst skal kjøkkenet berre servere phở.

Phở

Oppskriftene til phở er gjerne hemmelege, og har ofte gått i arv gjennom generasjonar. Og det tek svært lang tid å lage ein god phở. Krafta skal helst kokast på bein ein halv dag eller så, og ingrediensane må vere av ferskaste sort. Men når alt er førebudd og klart, er det raskare å servere enn dei vassne burgerane til dei utanlandske hurtigmatkjedene. Det er dermed rask mat for deg og meg, men særs treig mat for kokken.

I Hanoi har eg ein yndlingsstad for mine frukostnudlar. Det er ei gammal dame ved min gamle lokale marknad som står der med sin rykande phở kvar morgon. Når eg har tid tuslar eg dit. Ho har to bord med lange benkar langs. Her sit ein aldri aleine, men slår gjerne av ein prat med naboen. På meir moderne restaurantar er dette aspektet borte, og dei meir privatiserte båsane herskar. Kanskje vitnar dette om større trendar, om effekten av ein ny økonomisk kontekst på måten ein et måltida sine på, men dette skal eg ikkje prøve å analysere her.

Det som er sikkert er at den tradisjonelle hurtigmaten er truga. Ein sterk utviklingsdiskurs er synleg i Vietnam der denne typen mat har byrja å bli sett på som gammaldags og uhygienisk. Skulle ein innføre strenge hygienereglar kan det bety kroken på døra for mange av desse små gatekjøkkena. Turismen kan faktisk bli ei slags redning, sidan ein har byrja å innsjå at gatematen er eitt av trekkplastera i Vietnam. Dette kan på sikt føre til noko i retning av det ein har sett i Singapore, der gatematen har blitt flytta vekk frå gata og inn i ein slags gatematsenter. På den andre sida slår litt av den globale kapitalismen sin perverse logikk til når McDonald’s Vietnam lovar at rundt 90 prosent av råvarene er importerte. «For å sikre hygienen».

Folk flest ser foreløpig ut til å føretrekke den tradisjonelle hurtigmaten. Dette har med pris å gjere, ei skål med mettande nuddelsuppe kostar vanlegvis mellom fem og ti norske kroner medan burgerane fort kjem opp i 20-30 kroner. Men det eg trur det fyrst og fremst handlar om er stolte mattradisjonar og ein matkultur som er særs opptatt av balanse, sunnheit, reinheit og kvalitet. Med andre ord den rake motsetninga av det McDonald’s står for. Vi får vente og sjå om kapitalismen sine krav til varegjering, standardisering og effektivisering klarer å vinne over dette, eller om den tradisjonelle hurtigmaten klarer å behalde sin dominans også i framtida.

Bilde 1: 'McDonald’s in Vietnam, after a political poster' av Mike Licht (flickr)

Bilde 2: ‘Phở bò’, Wikipedia commons

 

 

Av Arve Hansen
Publisert 27. mars 2014 09:47 - Sist endret 11. apr. 2016 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere