50 år med okkupasjon

I 2017 har Israel okkupert Vestbreidda og Gaza i 50 år. Legitimerer dei norske banda til Israel okkupasjonen?

I 2017 har Israel okkupert Vestbreidda og Gaza i 50 år, og blokaden av Gaza er ti år. Dei norske banda til okkupasjonen er mange, både politiske, akademiske, økonomiske og religiøse.

Norske myndigheiter er med å finansiere okkupasjonen gjennom giverlandsgruppa, norske våpenselskap sel våpen til det israelske militæret via datterselskap i utlandet, norske investeringsbankar investerer i selskap som tener på okkupasjonen, norske universitet samarbeider med israelske universitet med å utvikle våpen- og petroleumsteknologi og varer produsert i israelske busetnadar vert seld i norske butikkar.

Gjer desse banda at Noreg er med å legitimere og mogleggjere den folkerettstridige okkupasjonen?

Bør banda brytast eller kan dei spele ei konstruktiv rolle i å sikre ei varig fredsløysing?

Panel oppdateres fortløpende.

Arrangementet er gratis og åpent for alle!

Arrangør

SAIH Blindern, SUM og Fellesutvalget for Palestina
Publisert 9. feb. 2017 16:09 - Sist endret 10. feb. 2017 09:51