English version of this page

Frå teori til praksis

Eit nytt studieemne gjev masterstudentar ved SUM muligheit til å jobba på ein relevant arbeidsplass samtidig som dei får studiepoeng.

Bilde frå Imres praksisplass

Imre van Kraalingen er ein av studentane som har valt det nye praksisemnet.

Det nye studieemnet gjev studentane på masterprogrammet Development, Environment and Cultural Change (DECC) muligheita til å få praksis godkjent som ein del av masterstudiane. Studentane kan til dømes jobbe i relevante organisasjonar, forskingsinstitutt, private bedrifter, offentlege departement eller direktorat – anten i Norge eller utanlands.

Studieledar Anne-Line Sandåker trur emnet vil bidra til at studentane er betre førebudde på overgangen frå studiar til arbeidsliv:

Ved å bruke akademiske ferdigheiter i ein relevant arbeidssituasjon, kan studentane finne ut av kva slags type arbeid dei har lyst til å satse på etter studiane. Dei vil også lære korleis dei kan bruke kunnskapen og evnene dei har fått gjennom studiane i praktisk arbeid innafor utvikling og miljø.

Praksisen må tilsvara minst seks ukar med arbeid på heiltid. Arbeidsoppgåvene kan for eksempel være å samle inn, analysere og presentere informasjon, eller forberede og arrangere møter, seminar, eller konferansar. Det kan også være relevant med administrasjons- eller kommunikasjonsarbeid

Meir informasjon om praksisemnet

Først ute i praksis

Imre van Kraalingen er ein av de første studentane på DECC-programmet som nyttar seg av praksisemnet. Ho har i seks ukar jobba på CICERO Senter for klimaforskning.

Publisert 24. apr. 2018 11:40 - Sist endret 24. apr. 2018 13:24